Martin Fagna frå Nordhordland Skeiseklubb kan med rette kalla seg verdas beste skøyteløpar, vel og merka i 75-årsklassen.
Den spreke nordhordlendingen skøyta inn til VM-gull, etter å ha gått 500 meter på 0.88, 1000 meter på 1.40.76, 1500 meter på 2.44.65 og 3000 meter på 5.37.66.
VM gjekk av stabelen i Erfurt, og Fagna var den einaste hordalendingen som tok medalje.
https://www.nordhordland.no/sport/nordhordlending-tok-vm-gull/s/1-219232-3392150